HENG BREMSENE PÅ?
Om ein aldri vedlikeheld anlegget, kan ein oppleva at ytelsen går ned. Ein kan samanlikna med at bremsene heng på ein bil. Bilen kan køyra frå A til B men brukar meir drivstoff. Akselerasjonen vil ikkje vera den same, og det vert vanskelegare å halda fartsgrensa i oppoverbakke.
På same måte vil varmepumpa halda temperaturen, men bruka meir straum. Det går lenger tid før temperaturen i rommet aukar. På dagar med låge temperaturar, tåke og snø vil det vera vanskelegare for varmepumpa å halda temperaturen.